Vi på Moss bibliotek er med på kampanja «Klassikarar for framtida», der fire litteraturkritikarar har valt ut 25 norske bøker som dei anser har potensialet til å bli framtidas klassikarar. Denne kampanje er det Lom bibliotek som starta og dei vil kvar veke gje ein kort presentasjon av bøkene med omtalar laga av kritikarane på deres nettside.  

Det er litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen, Bjørn Ivar Fyksen, Merete Røsvik og Janneken Øverland som står for kåringa. Vi startar opp i dag og deler lista med dykk. I vekene som kjem, vil vi gje ein kort presentasjon av bøkene med omtaler laga av kritikarane. Vi legg ut ein ny presentasjon kvar måndag i 25 veker framover.

I alt 56 bibliotek deltek i klassikar-prosjektet, og vi håpar at lesarar over heile landet blir med og les ein eller fleire av dei nye klassikarane i Bokåret 2019! Vi har desse bøkene i samlinga vår og lager utstillingar. Målet med kampanja er å skape interesse og engasjement rundt ny norsk kvalitetslitteratur! Klassikar-prosjektet er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk.

Klassikarar for framtida. Beste norske 2013-2017

De usynlige av Roy Jacobsen, Cappelen Damm, 2013
Teori om det eneste. Bok I og Bok II av Nils Christian Moe-Repstad, Flamme, 2013
Å, høye dag av Steinar Opstad, Kolon, 2013
Orgelsjøen av Øyvind Rimbereid, Gyldendal, 2013
Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 av Dag Solstad, Oktober, 2013
Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux av Hanne Ørstavik, Oktober, 2013
Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen, Oktober, 2014
Magdalenafjorden av Kjartan Fløgstad, Gyldendal, 2014
Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd) av Jon Fosse, Samlaget, 2014
Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem, Oktober, 2014
Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi, Gyldendal, 2014
Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller, Aschehoug, 2014
Å resirkulere lengselen, avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen, Aschehoug, 2015
Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad, Gyldendal, 2015
Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm, Oktober, 2015
Over elva av Laila Stien, Tiden, 2105
De urolige av Linn Ullmann, Oktober, 2015
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen, Gyldendal, 2016
Havende av Gunstein Bakke, Oktober, 2106
Arv og miljø av Vigdis Hjorth, Cappelen Damm, 2016
Om våren av Karl Ove Knausgård,Oktober, 2016
Berge av Jan Kjærstad, Aschehoug, 2017
Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Kolon, 2017
Tung tids tale av Olaug Nilssen, Samlaget, 2017
Penelope er syk av Ole Robert Sunde, Gyldendal, 2017

Del med venner og kjente!
    Translate »